Skip to main content
 

Stord kommune tek imot fleire tusen gjeste­arbeidarar – får ingen skatt tilbake

01. september 2025

7000 gjestearbeidarar bidreg til milliardinntekter for Noreg. Men ingenting går direkte tilbake til Stord kommune som husar dei.

Totalt er det no 7000 gjestearbeidarar som jobbar i rotasjon på det største verftet i landet, Aker Solutions på Stord. Talet på fastbuande sysselsette i kommunen er rundt 10.000.

Berre i skatteinntekter får den norske staten igjen nesten ein milliard kroner frå desse arbeidarane i året, ifølgje ei grov utrekning kommunedirektør Tommy Johansen har gjort.

Reknestykket hans viser at kommunen ville fått nesten 300 millionar i direkte skatteoverføring dersom arbeidarane hadde budd fast på Stord.

Aker Solutions på Stord seier dei har fleire tiltak og ordningar for å dempa presset på beredskapen i kommunen.

– Me har styrka bedriftshelsetenesta, oppdimensjonert industrivernet og har auka vakt- og servicepersonell rundt verft og brakkeleirar, ifølgje kommunikasjonssjef Odd Naustdal.

Nyhet

Relaterte nyheter

Mer om tema