Utdrag fra Melding frå Kongen til Stortinget om Noregs rikes tilstand og styring i tida etter siste melding:
Regjeringa har lagt fram forslag om endringar i allmenngjeringslova og petroleumslova for å innføre eit krav om norsk lønn på skip i norske farvatn og på norsk sokkel. Stortinget har vedteke lovendringane.
I mai 2025 la regjeringa fram ein ny nasjonal strategi mot menneskehandel. Fem departement står bak 18 tiltak som skal gjennomførast frå 2025 til 2030. Formålet med strategien er å redusere handlingsrommet for utnytting i menneskehandel.
Innsatsen mot useriøse arbeidsforhold, sosial dumping og arbeidslivskriminalitet er styrkt. Regjeringa har utarbeidd ein ny handlingsplan mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet. Arbeidstilsynet har også fått strengare heimlar som kan bruke i innsatsen mot den mest useriøse delen av næringslivet.