Skip to main content
 

Debatt: – A-krim tar frå folk tryggleiken

04. september 2025

– Den norske modellen byggjer på høg sysselsetjing, høg organisasjonsgrad, utbygde velferdstenester, høg grad av likskap og godt partssamarbeid. Det organiserte arbeidslivet er grunnlaget for å unngå arbeidslivskriminalitet, skriv Pål Julius Skogholt (SV) og Hilde Bernhardsen (Fagforbundet).

Utdrag fra innlettet til Pål Julius Skogholt, førstekandidat for Troms SV og Hilde Bernhardsen, fylkesleder, Fagforbundet Troms:

– Kriminelle aktørar som utfordrar det seriøse arbeidslivet må stansast. Nordnorsk arbeidsliv har ikkje plass til dei.

– Arbeidslivskriminalitet undergrev rettigheitene til arbeidstakarane. Sosial dumping og lønnstjuveri rammer oftast utanlandske arbeidstakarar, som er sårbare fordi mange ikkje kjenner språket og rettar. Det kan gjelde alt frå matbod, sjåførar og andre som har ein app som sjef. Lønnstjuveri tyder at folk ikkje får den lønna dei har krav på, til dømes ved manipulerte vakter.

– Det kan ikkje vere slik at verksemder som utnyttar menneske grovt for å tene pengar, kan drive kriminell verksemd utan store konsekvensar.

– Den norske modellen byggjer på høg sysselsetjing, høg organisasjonsgrad, utbygde velferdstenester, høg grad av likskap og godt partssamarbeid. Det organiserte arbeidslivet er grunnlaget for å unngå arbeidslivskriminalitet.

Nyhet

Relaterte nyheter

Mer om tema